Video fra NOR 306 BIG D

Oppsummering EM

01.08.11

Då var båten og mannskap trygt tilbake i Norge. Det er litt vemoding å sitta her og skriva om eit EM, som ein har brukt masse tid og krefter på dei to siste åra. Spesielt når nesten alt som kunne gå galt, gjekk galt…

Dag for dag

  • Prøve EM/Tune up: Kommer dårlig ut i startene, sliter med fart og høyde, feil riggtrim.
  • Dag 1: 13-18knop vind. Sliter forsatt med riggtrim. I siste race knekker baugspydet tvert av og dagen blir avslutta med å bli forbiseilt av 20 båtar.
  • Dag 2: Mekking på kaien då det viser seg at det nye baugspydet har ein annan dimensjon og går ikkje igjennom hålet i båten.
  • Dag 3: Nytt baugspyd på plass. Startene sitter bra og er først ut i race4, men noko er forsatt gale med riggtrim.
  • Dag 4: Nye innstillingar på rigg er på plass, og båten virkar bra. Rett etter første start så ryk festet til rorkultforlengeren. Etter nokon hektiske minutt med gaffatape, så heng den på godt nok for å forsetta resten av dagen. I andre start runder me bunnmerke for første gong etter ca 45min og ligg på ca 25-30 plass. Plutselig så starter me å miste høyde og fart. Etter ei lita stund kan me konstantera at me drar på ein tareskog. Måtte til havn og bakke den av kjølen.
  • Dag 5: Ein sleten og oppgitt gjeng står på kaien for å legga ut på dei 2 siste race i EM. Forsatt har me mulighet til å klartra på lista, då me mot alle odds har gjennomført alle seilasane til no. Første start går, og me ligger greitt ann på linja, men blir pressa av GULLISARA (årets vinnar) i le og ein annan italienar kjører over oss i lo. Når me endelig kom oss ut av vindstilla dei lagde, så ligg me sist. MEN no sitt trimmen bra, og me seile oss opp i feltet igjen og får nåkre båtar bak oss inkludert neste mann på lista som me ville opp på. I start 2 så manglar me kun 5 poeng for å klatre opp 1 plass på lista. Men dette i bakhodet og eit ønske om ein god avsluttning på veka, så blei me litt for offensive på starten og pådrog oss ein tjuvstart og 20% tillegg.

Veien vidare er ikkje 100% bestemt enda, kanskje det no fristar endo meir med internasjonal seiling og revansj! Ein ting er verrtfall sikkert; dette er ikkje det siste ein har sett til Average Joe Sailing Team.

 

Etter 8 starter og  til sammen 8 timer på vannet sendte PRO Hank Stuart båtene til lands igjen.

Første dag unnagjort i frisk vind, men ingen resultat å skrive heim om… Rett etter at spinnakeren skulle opp, så knakk baugspydet rett av, og lensen blei unnagjort med storseil og fokk. Etter ei god arbeidsøkt på kaien (og 10000,- fattigare), greide me å skaffe nytt baugspyd og reparert båten slik at me er klar for dag 2. Med tanke på resultata, så har me ein god jobb å gjere for å komme opp på lista. Konkurransen er hardare enn noko anna me har deltatt i, og ein får ingenting gratis.

Ein stor takk til Storm Capital Sail Racing for nytt baugspyd, og Blow for lån av verktøy!

Prøvedag EM

23.07.11

Alle de norske lagene seiler i dag med sorte minne flagg på hekkstaget og det ble gjennomført en minnestund ved åpningsseremonien lørdag ettermiddag.

Avreise EM

21.07.11

Då er alt klar for avreise. Om alt går etter planen er me framme i Århus fredag i 22-tida, og registrering og innveging lørdags morgon. Skal oppdatera underveis, så følg med!

Mannskap for EM blir:
Torodd (rormann)
Tore (taktikk)
Kent (fokketrimmer)
Erling (spinnakertrimmer)
Alf (bowman)

Trening

05.07.11

Flytta båten til Halsnøy i dag for trening utanfor Sæbøvik. Seila på blåser som låg på fjorden. Det heile starta med 1-2m/sek vind, og tok seg opp til ca 7. Med andre ord blei det ei svært variert treningsøkt.